Label:
LP SKY BLUE:
EAN:
7090060760610
Catalog number:
SAU008LP
Release date:
28.11.2025
CD:
EAN:
7090060760603
Catalog number:
SAU008CD
Release date:
28.11.2025
Info:
Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007 med ein solid internasjonal CV. Med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.
På "Did We Really?" har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.
Saman blir dette en vanvittig kvintett med et heilt unikt groove:
Hedvig Mollestad Thomassen - gitar
Thomas Johansson – trompet
Kristoffer Alberts – saksofon
Ola Høyer – bass
Dag Erik Knedal Andersen – trommer
Tracklist:
Side A:
1. Lumination
2. Liquid Brains
3. Did We Really?
4. HedTex
Side B:
1. Twoface
2. Snap
3. Elastics
4. Hymans Porch