Label:
CD + BOOK + ART:
EAN:
7042986161910
Catalog number:
NYENOR6191
Release date:
30.01.2026
Info:
«Gje meg fred» er eit konseptalbum som fortel historia om ei sjeleleg og eksistensiell reise gjennom eitt år, og er eit personleg og nært prosjekt som handlar om kjærleik, svik, transformasjon og indre konfliktar.
Albumet kjem i fysisk format som ei kunstfotobok. Songtekstane og kunstfoto (av artisten sjølv) blir vevd saman i eit like sårbart, intimt og utildekt uttrykk som musikken den komplimenterer og illustrerer, og fungerer som ei kunstnarisk forlenging og versjon av det musikalske uttrykket og historia som blir fortalt.
Kristin Bolstad sine eigne demo-opptak av vokal og piano gjort i stova heime hjå seg sjølv, dannar grunnlaget og utgangspunktet for innspelinga, der pålegga gjort i studio av dei andre musikarane bygger seg rundt Bolstad sine eigne opptak. Dette forsterkar det nære, intime og sårbare uttrykket i musikken og framføringa. Konseptalbumet består av 11 songar som alle er framført på Bolstad sin eigen vestlands-dialekt, og med tekstar som fortel historia om det om det å klamra seg fast og det å gje slepp, og om sterke møter og relasjonar fylt med kjærleik, svik, sorg, oppvakning, tvil, håp, og knuste draumar.
«Gje meg fred» handlar både om å mista seg sjølv og finna seg sjølv, om suget etter endring og tryggleiken i det å bli, om tvil og frustrasjon, glede og spenning, om det å ha fred med seg sjølv og det å få fred for andre.
Kristin Bolstad – vocals, piano, fender rhodes, pump organ
Kjetil Schjander Luhr – synth, piano, fender rhodes, pump organ
Oddrun Lilja Jonsdottir – guitar
Jo Berger Myhre – bass
Christian Skaugen – drums and percussion
Karl Seglem – saxophone and goat horn
Kristina Bjørdal – accordion (2, 5, 9)
Jørund Fluge Samuelsen – harmonica (2,5), omnichord (1,4)
Music and lyrics by Kristin Bolstad
Recorded, engineered, mix:Jørund Fluge Samuelsen, Audioskop studio (March-June 2025)
Produced by Jørund Fluge Samuelsen and Kristin Bolstad
Mastered by Morgan Nicolaysen Photos by Kristin Aafløy Opdan
Design by Anette L’Orange at Blunderbuss
Tracklist:
1. LALO
2. MINE SMÅ
3. VILLHESTEN
4. GJE MEG FRED
5. BØLGER
6. HER IGJEN
7. KLAMRAR MEG FAST
8. SJÅ PÅ MEG
9. VERSJONAR AV OSS SJØLV
10. KJENNER DEG IGJEN
11. FORBI
Most popular CD