Hogemo Viken Aordal
File under: 
Traditional/Folk
Tags: 

Label: 

LP: 

EAN: 

7042986126117

Catalog number: 

NYENOR2611

Release date: 

03.07.2026

Info: 

To av våre fremste hardingfelespelemenn lanserer LP´en "Aordal". Heftige, energiske og dansbare slåttar i meisterleg duo-spel. Og nybrotsarbeid når det gjeld arrangering for to feler. Dette er nyskapande tradisjonsmusikk med sterke røter, framført av to av dei beste hardingfele-musikarane vi har. Rytmisk og klangfullt -

«Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane».

Dette er eit sitat frå Arne Bjørndal som omtalar slåttematerialet frå indre Sogn. Og det er nettopp desse enkle, rytmisk sterke og kraftfulle slåttane etter søskenparet Sigurd og Johanna Eldegard duoen Høgemo & Viken har fordjupa seg i.

Håkon Høgemo kjem frå Årdal i Sogn og er djupt planta i hardingfeletradisjonen derfrå, medan Erlend Viken har feletradisjonen frå Oppdal i Trøndelag som sitt musikalske heimland. Dei møttest første gongen som læremeister og elev, då Håkon underviste Erlend i hardingfele ved NMH i Oslo. Erlend fekk raskt augo opp for Håkon sitt spel, slåttane frå Årdal, og ikkje minst slåttane etter Eldegard-slekta.

Tracklist: 

1. Springar etter Sjur Eldegard
2. Halling etter Sigurd S. Eldegard
3. Springar etter Svein Nesje
4. Vals etter Sigurd S. Eldegard
5. Pariserpolka etter Johanna Dahl Eldegard
6. Reinlendar etter Johanna Dahl Eldegard
7. Springar etter Sigurd S. Eldegard
8. St. Tomasklokkene etter Sigurd S. Eldegard
9. Halling etter Sigurd S. Eldegard
10. Reinlendar etter Johanna Dahl Eldegard
11. Hamborgar etter Wollert Johan Klingenberg
12. Polkamasurka etter Wollert Johan Klingenberg
13. Vals etter Torolv Eldegard
14. Springar og halling etter Torolv Eldegard
15. Springar etter Sigurd S. Eldegard

More from Håkon Høgemo , Erlend Viken