Eg Har Ord Runar Gudnason

Eg har ord – musikk frå filmen

LP
File under: 
Hip Hop
Tags: 
LP: 
EAN: 

7041889528981

Catalog number: 

PINADLP5

Release date: 

11.12.2026

Info: 

Runar Gudnasons prisvinnande film frå 2023, Eg har ord er ein leikande og musikalsk dokumentarfilm om ord; lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom. Det er òg ei personleg forteljing, der Side Brok-rapparen prøver å finne ut kvifor han vart rappar, og korleis han prøver å få tilværet til å henge i hop – ved hjelp av rim. Filmens originale lydside og rimande voice over kjem no som soundtrack på pinaDgreitt records.

Hiphop-beats, jazz, spoken word, rap og brotstykke av intervju frå filmen blir til ei eiga forteljing, utan ferdige bilete. Songen Alle i live, som Gudnason og sonen Sigurd prøver å lage i filmen, og som blir ein sentral del av handlinga, er også med.

Plata inneheld i tillegg eit bonusspor, laga i etterkant og inspirert av filmen. Her har Gudnason samarbeidd med sin gamle ven og medverkande i filmen, den danske rapparen og dancehallartisten Raske Penge.

Eg har ord gjekk på kino og filmfestivalar i 2023, men kan framleis nytast på Filmbib og NRK.

FFO: Side Brok, Raske Penge, Sirkel Sag, Guru

Tracklist: 

1. Opning
2. Strengt tatt ikkje nødvendig
3. Sprogblomster (med Jonny Hefty)
4. Rapparen er ein unge
5. Rette strekar
6. Trommefiguren (med Raske Penge)
7. Sjakk og skøyter
8. Din eigen strek
9. Rime, lyge, skryte, dikte (med Geolo G)
10. Alter ego
11. Mash W
12. Buhu
13. Rapparen er ein krigar (med Tegnedrengen)
14. Tromme og stemme
15. Extrovert 23/26
16. Alle i live (med Lille Urt & Sirkel Sag)
17. Bonusspor: Eg har ord (med Raske Penge)