BMB Når fiskane vaker cover

Når fiskane vaker

CD
Preorder
€13.69
File under: 
Pop/Rock  ›  Traditional/Folk
Tags: 

Label: 

CD: 

EAN: 

7041889525058

Catalog number: 

KOOL03

Release date: 

21.03.2025

Info: 

«Eg såg på deg og du såg tilbake, eit øyeblikk var det som når fiskane vake», syng vokalist og forfattar Gaute Sortland på Bergen Mandolinband si nye plate.

I tittelsporet har det oppstått spenning mellom to, på ulike vis, skakkkøyrde karakterar. Finst ekte kjærleik rundt neste sving? Eller er det berre innbilling – ein storm i eit stadig tommare glas med øl?

BMB er Haugalandet sin best løynde skatt. Dei kunne vore nasjonalskaldar i landet der vest. Som skuggesida av eit tidleg Vamp, norgesglaset fylt med harpiks, sild og litt for sterke drinkar.

Vokalist og forfattar Gaute Sortland teiknar livlege portrett av kvardagsmenneske som er alt anna enn kjedelege. Folk som gjer så godt dei kan, i hustrige vestnorske omgjevnader, sidelengs regn – og med apokalypsen lurande i bakgrunnen.

(…) når januar er skitt og vind og sludd og me forsøker å gå ein tur sammen - og det at me holder hender er mest av praktiske hensyn (…)

Om lyrikken soknar trufast til Vestlandet, høyrer musikken heime i den store vide verda, takka vere folkemusikar Olav Christer Rossebø sin teft for gode melodiar - uansett om dei stammar frå Appalachene, Louisiana eller Karibia. Rossebø og Sortland blandar det beste frå desse ulike tradisjonane med det beste av seg sjølv – heilt til Bergen Mandolinband til slutt ikkje læt som noko anna du har høyrt.

…eg var ein ung mann som begynte å bli skalla / du va ei flaske sider løfta fra kjellarkulden og ut / i sommarens strålande sol

Rossebø sitt talent for å plukke med seg smellvakre, fengjande og gjerne heilt ukjende skattar frå tradisjonsmusikken – og Sortlands sitt varme og humoristiske blikk på omverda, har potensiale til å begeistra heile Noreg. Og om dei ikkje blir laurdagsunderhaldning på NRK med det første, har dei tida på si side. For der andre band jamt og trutt går til hundane, består BMB. Med kvardagssurrealisme, sjelero på minussida - og heilt praktiske oppskrifter på velsmakande eplesider. For ikkje å gløyme desse livsomveltande augeblinkane: Når fiskane vaker – og lufta dirrar av potensiale.

Gaute Sortland: Vokal, gitar
Olav Christer Rossebø: Fele, mandolin, gitarar, mandola og perkusjon
Ingemund Askeland: Banjo og munnspel
Kjetil Lundø: Bass

Anne Lise Frøkedal: Vokal, elgitar og perkusjon
Wilson Savoy: Trekkspel

Produsert av Anne Lise Frøkedal og Olav Christer Rossebø.
Spelt inn av Anne Lise Frøkedal i Fugleben studio.
Mastra av Karl Klaseie.
Cover art av Magnus Helgesen.

Tracklist: 

1. Karibia
2. Ta ein buss
3. Når fiskane vaker
4. Sidersongen
5. Vent til eg får finskjorta på
6. Georgia Stomp
7. Langhelg på seminar
8. Det var ikkje det verste
9. La det skura
10. Natta renn sakte ut i fjorden